Tysdag 06 februar 2007 10:22 skreiv Odin Omdal Hørthe:
Mykje er sideformer og/eller dårleg nynorsk. Byråkratnynorsk.
Litt uheldig ordval. Viss det er ekte byråkratnynorsk, skal det *ikkje* vera sideformer. Byråkratar får som kjent ikkje bruka nynorknormalen, men må helda seg til læreboknormalen.
At leggja/leggje og liggja (men liggjE finst, rart at -a verb ikkje vert oppdatert likt saman med -e-verb(?).)
Ja. Dei færraste e-verba finst som a-verb i ordlista, sjølv om *alle* verb som sluttar på «e» kan slutta på «a» i nynorsk. Tilsvarande problem er det med lig-endinga. Alle ord som sluttar på «leg» kan slutta på «lig» (omvendt gjeld ikkje, f.eks. «forskjellig», som ikkje kan heita «forskjelleg»).
Forresten, er det ein måte å markera «dårlege» ord, og ord som er sideformer? Skulebøker og offentlege dokument skal ikkje nytta seg av sideformer, so om me legg inn sideformer so vert ordboka mindre nyttig for slike høve.
I bokmål er skiljet mellom sideformer og hovudformer oppheva; alt er «bokmål». Det er langt frå utenkelig at noko slikt òg vil skje med nynorsk. Eg er einig i at det hadde vore kjekt å ha to nynorskordlister – ei med alle nynorskorda, og éi med berre læreboknormalen. (På engelsk har ein éi britisk ispell-ordbok med -ize-endingar, éi med -ise-endingar, og éi med begge.) Men kommersielle stavekontrollar har ikkje eit slikt skille på norsk, so det er ikkje noko me *må* ha.
Ein annan nyttig ting hadde vore å kunna velja (velja manglar, og er offisielt nn-ord) um ein skulle skriva skulenormal, nytta a- eller e-infinitiv, skriva i-mål og/eller ikkje ville nytta samnorske ord.
Ja. Kommersielt har gjerne slike ting inngått i grammatikk- og stilkontrollar, og ikkje i stavekontrollane.