Både Bokmålsordboka og Nynorskordboka (https://ordbokene.no) seier at bit er hankjønn. Bøying: ein bit; biten; bitar, bit; bitane og en bit; biten; biter, bit; bitene. Uttale: ein/en bitt.
Kanskje like greit å følgje dette?
Bokmål har ingen inkjekjønnsformer av bit. Nynorsk har «eit bit» i tydingane at fisken bit, ta eit stort bit av kaka og liknande. «Han tok eit bit av kaka» er såleis ikkje det same som «Han tok ein bit av kaka», sjølv om resultatet stort sett blir det same.
Helsing Kolbjørn
Den 22.10.2022 12:48, skreiv Johnny A. Solbu:
On Saturday 22 October 2022 09:07, Karl Ove Hufthammer wrote:
Eg må innrømma at det er aller første gong eg har høyrt nokon brukt nøytrum på «bit». For meg er det heilt naturleg med hankjønn, «ein bit» (uttale: «ein bitt»), og «eit bit» høyrest ekstremt rart ut for meg.
Jeg må si meg enig i dette. Jeg har heller aldri før hørt noen uttale noe annet enn «en bit», altså hankjønn. Selv bruker jeg konsekvent hankjønn om dette, og kommer alltid til å gjøre det.
E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org