fr. den 08. 06. 2018 klokka 17.21 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer:
Kjetil Torgrim Homme skreiv 28. mai 2018 17:47:
Eg får framleis ikkje sjekka inn (eller ut) noko frå svn.skolelinux.no. Og det ser ikkje til at vevgrensesnittet på http://svn.skolelinux.org/websvn/ er tilgjengeleg, heller.
Nokon som veit noko meir om dette? Er SVN-depotet berre nede eller faktisk lagt ned?
Såvidt jeg vet ble FRISK nedlagt for 1-2 år siden, men finnes fremdeles på brreg.no: https://w2.brreg.no/enhet/sok/detalj.jsp?orgnr=983554040
Foreslår du kontakter personene i det siste styret, og/eller den som er oppført som ansvarlig for domenet i WHOIS.
om ønskjeleg kan denne tenesta flyttast over til daitan.skolelinux.org (aka lists.skolelinux.org) som køyrer pro bono hos Redpill Linpro (med meg som ansvarleg).
Er det òg fleire enn deg som er ansvarleg her? Dvs., er bussfaktoren større enn 1?
ja, nokon andre på teamet vil bistå ved behov. men eg oppfattar vel Petter slik at det ikkje er heldig å sause saman dette prosjektet med Skolelinux. det er ikkje noko problem for oss (Redpill Linpro) å sparke i gong ein eigen VM for omsetjingsprosjektet.
l10n.no er ledig. så spørs det kor formelt vi vil gjere dette - skulle vi registrert det som ei eiga foreining i Einingsregisteret som kan stå som eigar av domenet? eg er usikker på om dette eigentleg forbetrar bussfaktoren, om leiar for foreininga plutseleg forsvinn.