Kolbjørn Stuestøl skreiv 21.07.2024 15:47:
Ja, det er alltid fint å ha bakgrunnen for vala. Saknar den «nye» fellesordlista i HTML-format.
Eg har no lasta opp eit nytt utkast av nettstaden her:
https://huftis.org/kritikk/tmp-l10n-no-dok/nb/Fellesordl.eng-no.html
Her er fellesordlista + alle dei andre ordlistene og dokumenta meir eller mindre klare.
Strukturen er ikkje ferdig, og dokumenta vil garantert få både nye filnamn og adresser, så ikkje rekn med at nettadressa ovanfor vil fungera *veldig* lenge. Men førebels ligg det no altså eit *utkast* på korleis den nye nettstaden kjem til å sjå ut. Merk at ein del informasjon på nettsidene er *veldig* gammal (og dermed kanskje utdatert).
Kom gjerne med kritikk / forslag til endringar.