Den 28.05.2013 22:03, skreiv Karl Ove Hufthammer:
må. den 27. 05. 2013 klokka 16.41 (+0200) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Ein liten feil i Pology? Vi blir tilrådd å bruke «→» (høgrepil) mellom menyinnslaga. Dette blir i Pology vist som «?». Dersom dette er ein verkeleg feil, går eg ut frå at han er lett å rette opp. Skriv «verkeleg feil» fordi eg køyrer Pology på Windows/Cygwin. Det hender at Cygwin på ha litt hjelp for å emulere Linux fullt ut med omsyn til teiknsett og andre ting.
Ja, det er grunnen. Når eg brukte Cygwin, for mange år sidan, var det ikkje muleg å bruka/visa teikn utanfor ISO 8859-1 (eller var det ASCII?). Muleg ting har betra seg no. Du finn eventuelt informasjon på http://cygwin.com/cygwin-ug-net/setup-locale.html
Takker. Rekna i grunnen med at det var eit Cygwin-problem. Truleg meg som har gløymt å setje opp teiknsetta skikkeleg. Har vore innom lenka du viser til tidlegare, men skal ta ein ny kikk. Kanskje den er oppdatert sidan sist. Kolbjørn