Eg har laga eit skript for statistikk over KDE-omsetjingane. Skriptet ligg i i18n/kde-i18n/statistics, og den første statistikkfila er lagt ut på <URL: http://skolelinux.ping.uio.no/info/oversettelse/kde-i18n-statistikk.html > (skal dukka opp i løpet av kort tid).
Skriptet avslører at det må gjerast ein del bokmålsarbeid i helga (siste frist for KDE 2.2.1!), iallfall med desktop.po, kdelibs.po og sentrale kdebase-filer. kdenetwork (særleg KMail) hadde og hatt godt av ei oppdatering.
I går la eg og [1] til eit skript for oppdatering av språkfilene med nye malfiler. Når det kjem nye malfiler (*.pot) i KDE-CVS, kjem eg til å bruka dette skriptet for å oppdatera språkfilene. Skriptet ligg i CVS: i18n/kde-i18n/mergetemplates.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
[1] Kva er det eg har rota med no, eg kan ikkje lenger skriva aksent grave over o-en ... Trur det er SuSE 7.2 sin feil :(