må 06 aug 2001 13:47:19, Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com:
Eit par av programma viste seg vanskelege å setja om (Tuxtype, 3D Planetarium, NoteEdit),
Eg har no prøvd TuxType, og det var ikkje noko dumt program. Program som lærer elevane å finna fram på tastaturet er *nyttige*.
TuxType *er* mulig å setja om, men all tekst er lagra som grafikk (med unntak av orda ein skal tasta inn). Eg skal sjå nærare på dette, og kjem tilbake med rapport seinare.