On 3/1/06, Erik Haugan erik@haugan.no wrote:
- Erik Haugan (2006-02-28 23:18):
Eg har tenkt å byrja bidra til ordlistene/stavekontrollen, men eg har eg eit spørsmål.
Her er eit spørsmål til: kva skal den grammatiske informasjonen om orda brukast til? Er det berre til opplysning for brukaren, eller skal dette kunna brukast maskinelt til noko?
I første omgang er det ikkje så mykje vi kan bruke dette til. Vi har ikkje noko fritt tilgjengeleg gramatikkonrollsystem som vi kan bruke. Kor tid noko slikt vil vere tilgjengeleg veit ikkje eg.
Det vi kan bruke no er i første rekke synonyma som blir lagt inn. Dette er sterkt sakna i OpenOffice.org. Vi kan bruke informasjonen om orddeling som blir lagt inn, og vi har eit rammeverk for å leggje til ord som manglar og korrekturlesing av orda. Dette vil føre til ei meir komplett ordliste.
Vi har enno ikkje (iallefall ikkje eg) tatt kontakt med Universitetet i Oslo for å få tilgang til orddatabasen deira. Men no når vi etterkvart har oppe eit rammeverk som fungerer så har vi høve til ta imot ein slik orddatabase frå dei.
Håvard - som har fått seg endå ei mailadresse :)