===== Original Message From Karl Ove Hufthammer lister@huftis.org =====
Tonje Ostby tonje.ostby@chello.no skreiv i innlegget news:OFD1182AB0.E77A2EBC-ONC1256C01.004F600D@akershus-f.kommune.no:
Jeg må dessverre si at din argumentasjon for å bruke bare a-endelser ikke overbeviser oss.
Eg har ikkje hørt *nokon* argumentasjon frå dykkar side for å blanda a- og e-endingar heilt utan system. Og folk (språkfolk) *vil* sjå på ei slik blanding som vakling. Ein korrekturlesar av lærebøker ville sannsynligvis slått ned på dette. De *vil* få kritiske spørsmål om kva system som blir brukt. Då bør de ha gode svar!
Konsekvent -en-ending kan ikkje brukast, det ligg utanfor læreboknormalen. (Døme: ku, dokke, lengde) Konsekvent a-ending vert av mange oppfatta som radikalt, og er nokså uvanleg i skrift.
I nynorsk finst det mange ord med valfri han- eller hokjønnsbøying. Eg vel konsekvent dei formene som passar i mi dialekt ('Dialekt' skal forresten vera hankjønnsord, men i privatspråket gjer eg som eg vil.) Eg ser ingen problem med å gjennomføra det same på bokmål, basert på til dømes Oslodialekta.
Hovudargumentet er altså at inkonsekvens er fullstendig normalt, og at Oslomålet er rettesnora. Vil det vera så vanskeleg å forsvara?
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes (Lener seg tilbake og smiler litt over det inkonsekvente sidemålet ...)