Leif Halvard Silli skreiv 11.02.2024 20:29:
Nei, nynorskstøtta fungerer som før, og heilt fint. Og ho har fungert i *mange* Android-versjonar. Eg har brukt nynorsk som standardspråk iallfall sidan Android 9, som kom i 2018.
Kva mobilmerke/-modell har du? Eg hadde (fram til i førgårs) Sony Xperia 10 IV. Frå i går, har eg HMD/NOKIA XR21. (Det kan godt henda at eg har hatt andre røynsler (i den duren du omtalar) med tidlegare mobilmodellar — men det hugsar eg ikkje no.)
Eg har ein Fairphone 4 med Android 13. Før hadde eg ein Xiaomi MI A1 med Android 9. Nynorsk var tilgjengeleg på begge.
Rart om det heiter «Språk i appen» hos deg. Hos meg heiter det «Appspråk» (og det er ei betre omsetjing). Men denne funksjonen brukar du berre viss du vil overstyra føretrekt språk for enkeltappar (eks. viss du vil ha musikkavspelaren din på spansk, men alle andre program på nynorsk).
Det stod «appspråk» på Sony-en. Men her i Nokia står det «språk i appen».
Ser ut til at omsetjinga vart endra frå «Språk i appen» til «Appspråk» i januar i fjor (23. januar 2023): https://android.googlesource.com/platform/packages/apps/Settings/+/d15061a40... (Sjå tekststrengen med namn «app_locale_picker_title».)
Så nyare Android-versjonar bør ha «Appspråk» som overskrift.