Axel Bojer axelb@skolelinux.no skreiv i innlegget news:200506142113.01104.axelb@skolelinux.no:
Jeg mener det blir for dumt å bruke: kursiv - halvfet - normal når det ikke finnes «fet» (black), derfor mener jeg at i vanlige skriveprogrammer (der «fet» ikke finnes, bare «halvfet») behøver man ikke å skrive annet enn «fet»,
Visst finst det «feit»! I alle dei teksthandsamingsprogram eg har prøvd på Linux, er andre variantar enn vanlig, kursiv, halvfeit og halvfeit kursiv støtta.
At du ikkje har skrifter i feit, med kapitélar e.l. bør du derfor heller sjå på som ein mangel i skriftbiblioteket ditt.
For dei som måtte lura: Arial Black er ikkje koda som feitutgåva av Arial (men som ein separat skriftfamilie), og vil derfor ikkje dukka opp som feit-varianten når du vel Arial. Skrifter med ekte feit-variantar finn du i din lokale (globale?) skriftbutikk.
Å bruka «feit» om «bold» vert direkte feil. Eg ser forresten OpenOffice.org gjer dette[1] (og kallar «Black» for «Svart»[2], noko som ser ganske rart ut).
[1] Òg i samansetningar, som «Svart kursiv». [2] Ultra Black vert derimot ikkje omsett i det heile.