Lars Ivar Igesund:
Og det har for øvrig ingenting for seg å melda frå her på lista om omsettingsfeil i KDE (eller andre program) viss du brukar ein av desse distroane.
Greit nok. No har det seg slik at der er litt bevegelse i Kubuntu-leiren for å få gjort noko med problemet, men eg trur det kunne vere nyttig med ei skildring (på engelsk) av kva dei faktiske problema er - dersom nokon har lyst til å skrive noko sånt.
Det har vore skrive tonnevis om dokument og e-postar om dette, heilt sidan Rosetta/Launchpad vart starta, men sjølv no, etter *so* mange år, er situasjoen minst like ille som i starten. Verre, kan det verkaDette har fått meg (og dei fleste andre KDE-omsettarar, kan det sjå ut som) til å mista heilt trua på Launchpad, og på folka bak prosjektet.
Eg ønskjer iallfall ikkje å kasta vekk meir tid på det.
Når det er sagt, er det forøvrig openbart at Rosetta ikkje er det einaste problemet.
Overraskar meg ikkje. Kva er resten av problema?