Tarjei Vagstol tarjei.vagstol@nm.no writes:
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com writes:
Eg er elles glad for at det (sjølv i mitt fråver) er stemning for a-infinitiv. Eg kjem iallfall *aldri* til å endra KDE ;-)
Nettopp, og for å unngå at det bryt ut "stammekrigar" med fleire parallelle nynorskomsetjingar, er det viktig at ein slår fast ein toleranse for noko inkonsistens no i starten. Elles kan heile "prosjekt nynorsk skjermspråk" verta underminera og teke for rimeleg useriøst.
Eit sterkt press om å vera konform til visse former innanføre allereie gjeldane rettskriving, vil òg vera med å lukka omsetjarmiljøet.
Einig. Så lenge språket er godt, er formene som vert brukt mindre viktig. Likevel er det i alle fall nokon av oss som er fleksible (sikkert Gaute også, om enn ikkje når det gjeld infinitivsforma :-), så ei felles norm og ei _oppmoding_ om å fylgje henne kan ikkje skade. Trur eg.
Kjetil T.