Saturday 11. September 2010 skreiv Torstein Adolf Winterseth:
Har noen eit norsk ord for «bugtracker» liggande på lur?
«Feildatabase» (eller «feilsporingssystem», men det er for langt). Men:
Driv med å omsette GNOME PackageKit og skal omsette setninga «Please report a bug in your distribution bugtracker as this should not have happened.»
Her er det heilt unødvendig å ha eit substantiv i omsettinga; det gjer berre setninga tyngre. Skriv heller «Meld frå om feilen til distribusjonen du brukar …», eller noko sånt.
Er kanskje lurt å ha ordet på fellesordlista òg.
Ja.