Gratulerer til både Ola og oss alle! Dette er godt nytt som me har venta på i mange år. Tusen takk til Ola for arbeidet med å få klargjort for nynorsk. Eg er heilt samd i at dette er ein stor siger!
Eg vonar flest mogleg vil vera med på arbeidet. Her kan ein registrera seg som omsetjar:https://crowdin.com/profile/LineageOS
Eg er med. Det er litt ymse å seia om Crowdin som omsetjarplattform, men det fungerer stort sett.
Neste steg, som gjerne kan bli vanskeleg nok, er å avgjera språklege retningsliner. Eg har ingen veldig sterke meiningar, men rår til å ikkje finna opp krutet på nytt, og å høyra på dei som har gjort dette før. Kanskje Karl Ove har eit innspel eller to?
Beste helsing
Eivind Ødegård