Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org writes:
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:OF23340D40.2237B42D-ONC1256C86.004412B3@akershus- f.kommune.no:
Eitt av argumenta til funksjonen «FLOOR» eller «AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED»
Heiter denne verkelig dette på norsk?!
Henta frå Excel, ja.
Kva heiter dette argumentet? Etter det eg kan lesa, har det berre ein effekt på negative tal. Har det noko med at ein ikkje rundar ned til største heiltal mindre eller lik talet (som er den tradisjonelle definisjonen av golvfunksjonen), men heller til største (i absoluttverdi) multiplum av argumentet mindre eller lik talet? Eg har ikkje OOo her, so eg kan ikkje få testa dette.
«modus», heiter argumentet (det er valfritt). Ja, funksjonen ser ut til å runda ned til største multiplum. På den måten er kanskje det lange, norske namnet betre enn berre «FLOOR».
A.G.M.N(15;4) gir altså 12.
A.G.M.N(15;4;modus) gir òg 12, same kva eg prøver som modusverdi. Det er denne modusparameteren som har den nemnde forklaringa.
Negative tal på dei to første plassane ser berre ut til å gi feilmeldingar.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes