Eg har kome til reknearkfunksjonane i nynorsk OpenOffice.org. Nokre av forklaringane er verkeleg tunge, og nærast uforståelege.
Eitt av argumenta til funksjonen «FLOOR» eller «AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED» har denne forklaringa på engelsk:
«If given and not equal to zero then rounded down according to amount when a negative number and significance.»
Argumentet er visst valfritt, men eg klarar ikkje å sjå korleis det påverkar funksjonen. Er det nokon her som kjenner rekneark betre enn meg og kan forklara dette på forståeleg vis? (Gjerne med ei forståeleg engelsk forklaring òg, så kan me få sendt feilmelding til OpenOffice.org.)
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:OF23340D40.2237B42D-ONC1256C86.004412B3@akershus- f.kommune.no:
Eitt av argumenta til funksjonen «FLOOR» eller «AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED»
Heiter denne verkelig dette på norsk?!
har denne forklaringa på engelsk:
«If given and not equal to zero then rounded down according to amount when a negative number and significance.»
Kva heiter dette argumentet? Etter det eg kan lesa, har det berre ein effekt på negative tal. Har det noko med at ein ikkje rundar ned til største heiltal mindre eller lik talet (som er den tradisjonelle definisjonen av golvfunksjonen), men heller til største (i absoluttverdi) multiplum av argumentet mindre eller lik talet? Eg har ikkje OOo her, so eg kan ikkje få testa dette.
Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org writes:
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:OF23340D40.2237B42D-ONC1256C86.004412B3@akershus- f.kommune.no:
Eitt av argumenta til funksjonen «FLOOR» eller «AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED»
Heiter denne verkelig dette på norsk?!
Henta frå Excel, ja.
Kva heiter dette argumentet? Etter det eg kan lesa, har det berre ein effekt på negative tal. Har det noko med at ein ikkje rundar ned til største heiltal mindre eller lik talet (som er den tradisjonelle definisjonen av golvfunksjonen), men heller til største (i absoluttverdi) multiplum av argumentet mindre eller lik talet? Eg har ikkje OOo her, so eg kan ikkje få testa dette.
«modus», heiter argumentet (det er valfritt). Ja, funksjonen ser ut til å runda ned til største multiplum. På den måten er kanskje det lange, norske namnet betre enn berre «FLOOR».
A.G.M.N(15;4) gir altså 12.
A.G.M.N(15;4;modus) gir òg 12, same kva eg prøver som modusverdi. Det er denne modusparameteren som har den nemnde forklaringa.
Negative tal på dei to første plassane ser berre ut til å gi feilmeldingar.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:7z7keor031.fsf@developer.skolelinux.no:
«modus», heiter argumentet (det er valfritt). Ja, funksjonen ser ut til å runda ned til største multiplum. På den måten er kanskje det lange, norske namnet betre enn berre «FLOOR».
A.G.M.N(15;4) gir altså 12.
A.G.M.N(15;4;modus) gir òg 12, same kva eg prøver som modusverdi.
Har du prøvd 1, -1, 0, true og false?
Negative tal på dei to første plassane ser berre ut til å gi feilmeldingar.
Merkelig. 'floor'-funksjonen *skal* fungera med negative tal.
Har du prøvd med desimaltal:
Floor(-1.4, .5) Floor(-1.7, .5)
Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org writes:
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:7z7keor031.fsf@developer.skolelinux.no:
Negative tal på dei to første plassane ser berre ut til å gi feilmeldingar.
Merkelig. 'floor'-funksjonen *skal* fungera med negative tal.
Har du prøvd med desimaltal:
Floor(-1.4, .5) Floor(-1.7, .5)
Negative tal på *begge* dei to første plassane må visst til, og då gir den siste parameteren meining òg:
A.G.M.N(-1,4;-0,5) gir -1,5 A.G.M.N(-1,4;-0,5;1) gir -1
«modus» styrer tydelegvis om negative tal skal rundast «ned» mot null eller ned på vanleg måte. Eg tek gjerne i mot forslag til forståelege forklaringar.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes