Petter Reinholdtsen skreiv 04.07.2026 11:41:
Eg lurte på kva substantivet «dial» i for eksempel «tablet dial» skulle omsetjast til, og ordboka mi var ikkje til hjelp («solskive», «urskive», «nummerskive» o.l.). Men svaret er «dreieknapp», så no har eg lagt det inn i fellesordlista.
Aha. Takk for tipset. Hvilken kilde fant du dette i?
Ein eller annan plass på Internett. :)
Jeg trodde ordet var 'skruknapp' for slike, men ser både 'dreieknapp' og 'skruknapp' ser ut til å være brukt på Internett for slikt. Vet ikke hvilke av disse som er mest brukt.
Det er vanskeleg å vurdera (talet på søketreff ein får oppgjeve, kan ein *ikkje* stola på). Men søk på «dreieknapp» ser iallfall ut til å gje ein god del fleire relevante treff.
Mistenker også 'ratt' kan være aktuelt, ser det er brukt sammen med 'dreieknapp', men tenker 'volumratt' blir veldig merkelig, mens både 'volumdreieknapp' og 'volumskruknapp' fungerer.
Det finst forresten òg noko som heiter «ring» (eller «touch ring») på teikneplater. Det er i praksis det same som ein dreieknapp, men den fysiske utforminga er litt annleis (flat i staden for opphøgd). Det tenker eg ikkje er nødvendig å legga inn i ordlista, då «ring» er den naturlege norske omsetjinga av engelsk «ring».