Onsdag 6. juli 2011 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Til saman er det no 5722 e-infinitiv som vert oppdaga – mot 11 før. :-)
Og det var visst bitte litt for mange, då ord som «gje» og «klukkle» òg vart rekna som «e-infinitiv». Eg har no fjerna dei, og me sit att med 5683 ord.
Framleis for mange. Det viste seg å finnast andre former av verba som også kunne forvekslast med e-infinitiv. Eg har no fjerna desse òg. Det var ikkje so mange:
bunte forskylde måtte skulle spurte stunte totte unnskylde
Me står no att med 5675 e-infinitiv som vert oppdaga automatisk. Forhåpentligvis var dette siste oppdatering … :)
Eg går i ledige stunder gjennom og rettar i KDE, mens andre får ta seg av andre program. I OpenOffice.org er det for eksempel 59 problem (nokre falske positive).