Kolbjørn Stuestøl kolbjoern@stuestoel.no skreiv Wed, 06 May 2020 22:09:22 +0200
I LibreOffice er "citation" og "quotations" er begge omsette med «sitat» på bokmål og nynorsk. Fekk nettopp melding frå ein av utviklarane om at dette må vere to ulike ord. At dei er like, skaper problem for automatikken som lagar hjelpesidene slik at dei engelske orda blir brukte i staden for «sitat» i den norske omsetjinga.
Er det nokon praktisk skilnad mellom desse to engelske orda slik at vi kan setje dei om med to ulike norske ord? Kva passar i tilfelle best? Citation -> ? Quotations -> ?
Ei omskriving kan vera "sitering" og "sitat"; ulike, men nær kvarandre.