On Thu, 2004-03-04 at 12:11, Axel Bojer wrote:
torsdag 4. mars 2004, 08:17, skrev Åsmund Skjæveland:
display manager=skjermbehandler?
Då eg sette om GDM, kalte eg "display" for «display», sidan "monitor", "screen" og "display" er ulike ting i X.
Her henger ikke jeg med .... forklar. (Hva er forskjellen?)
"monitor" er ein fysisk skjerm. "display" er ei samling av skjermar som ein kan opprette vindauge i. "screen" er éin av skjermane i samlinga.
omgjevnadsvariabelen DISPLAY er på forma [maskinnamn]:display.screen til dagleg står maskinnamn tomt, sidan vi berre snakkar med lokal maskin. display er som regel 0, og dei fleste har berre éin screen knytta til display-et, så han er også 0.
(XINERAMA gjer dette endå meir komplisert -- det gjer at N fysiske skjermar opptrer som éin screen for X :-)
termane display og screen burde ikkje forekome så ofte, og det er nok best å la dei vere i fred. viktigaste strengen er sikkert "Can't open DISPLAY: %s" -> "Kan ikkje opne DISPLAY: %s". dei store bokstavane i DISPLAY er meint som eit hint om at dette er ein omgjevnadsvariabel.