Kjetil Torgrim Homme skreiv 16.03.2026 21:53:
https://gitlab.com/l10n-no/l10n-no-dok/-/merge_requests/9/diffs
bra initiativ, men kan eg få be om konvertering til eit meir leseleg format enn "rå" HTML fyrst? synest det er veldig tungt å lese gjennom diffen, vi har vel ikkje behov for noko meir enn det heilt vanleg Markdown kan støtte? (eg forutset her at du kan bruke pandoc el.l. til å automatisere oppgåva.)
Eg prøvde å konvertera til standard Markdown når me gjekk over til den nye plattforma. Men det var nokre ting med tabellen (eks. lister inni tabellceller, om eg ikkje hugsar feil) som gjorde at det ikkje fungerte. Så me må leva med HTML.
Elles vil òg diffane sjå mykje *mindre* oversiktlege ut med standard Markdown. No er det vel rimeleg oversiktleg, der berre linjer som er endra, vert markerte, og GitLab brukar både fargar til å visa kva delar av linjene som er endra. Dei einaste plassane det ser litt rart ut, er der heile oppslag er fjerna og diff-visinga til GitLab viser linjene i ei litt ulogisk rekkjefølgje (eks. for «access -v», der fjerninga av «access code» kjem *mellom* tekstendringa i omsetjinga).