Eg har no overført våre KDE-omsetjingar til versjon 3.4. I følgje utgjevingsplanen må omsetjingane vera ferdige til 2. februar for å koma med i 3.4 beta 2, og 26. februar for å koma med i den ferdige utgåva av KDE 3.4:
http://developer.kde.org/development-versions/kde-3.4-release-plan.html
Dei omsetjingane me har gjort fram til no på KDE 3.3.x er lagde inn i CVS-greina KDE_3_3_BRANCH, både i vår og i KDE sin CVS. KDE har enno ikkje bestemt seg for om dei skal gje ut endå ein 3.3.x-versjon, men dei store oppdateringane på samisk er jo eit lodd på vektskåla i så måte.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes