Eg har no overført våre KDE-omsetjingar til versjon 3.4. I følgje utgjevingsplanen må omsetjingane vera ferdige til 2. februar for å koma med i 3.4 beta 2, og 26. februar for å koma med i den ferdige utgåva av KDE 3.4:
http://developer.kde.org/development-versions/kde-3.4-release-plan.html
Dei omsetjingane me har gjort fram til no på KDE 3.3.x er lagde inn i CVS-greina KDE_3_3_BRANCH, både i vår og i KDE sin CVS. KDE har enno ikkje bestemt seg for om dei skal gje ut endå ein 3.3.x-versjon, men dei store oppdateringane på samisk er jo eit lodd på vektskåla i så måte.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:200501081726.03296.gaute@verdsveven.com:
Eg har no overført våre KDE-omsetjingar til versjon 3.4. I følgje utgjevingsplanen må omsetjingane vera ferdige til 2. februar for å koma med i 3.4 beta 2, og 26. februar for å koma med i den ferdige utgåva av KDE 3.4:
Kva vil «ferdige» seia her? Er det eit visst prosenttal som må vera omsett for å bli med?
Laurdag 08 januar 2005 18:46 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:200501081726.03296.gaute@verdsveven.com:
Eg har no overført våre KDE-omsetjingar til versjon 3.4. I følgje utgjevingsplanen må omsetjingane vera ferdige til 2. februar for å koma med i 3.4 beta 2, og 26. februar for å koma med i den ferdige utgåva av KDE 3.4:
Kva vil «ferdige» seia her? Er det eit visst prosenttal som må vera omsett for å bli med?
Ja, men det var ikkje slik eg meinte det. Det eg meinte var at dei omsetjingane me rekk å gjera før 2. februar vil koma med i beta 2, og dei me får ferdige til 26. februar kjem med i KDE 3.4.
Dette er krava for å koma med: kdebase - 75% kdelibs.po - 90% desktop_kdelibs.po - 75% desktop_kde-i18n.po - 75%
http://i18n.kde.org/stats/gui/HEAD/essential.php
Bokmål og nynorsk oppfyller krava alt i dag, sjølv om me ikkje har omsett eitt einaste ord. Endringane frå 3.3. til 3.4 er såpass små at dei gamle omsetjingane er nok til å oppfylla dei formelle krava.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes