Dersom konsollet i KDE virkelig er en KDE-version av bash, så er jeg enig
Den kjører bash -- hverken mer eller mindre :-)
prøv "konsole -e mutt" Konsole skil seg ikkje nemneverdig frå XTerm, dei har berre valt eit uheldig namn, sannsynlegvis pga. den freistande skrivemåten med k.
sit her med feber, og har ikkje orka å lese alle innlegga like nøye, men det verkar som her er ein del mistydingar ute og går.
[forklaringar klippa]
Eg trur eg er samd med herr Homme. For å gjera det enkelt, her er mine tydingar av orda:
Skal: Det programmet som brukaren har satt opp til å ta imot kommandoar, navigera filsystemet, og slikt. Dette kan t.d. vera bash, csh, tsch, matlab, zsh eller ksh. Det finst mange ulike skal som delvis er tufta på kvarandre.
Terminal: Grensesnitt til eit tekstbasert program, og ein kanal å senda (feil)meldingar til brukaren utan å gå vegen om eit grafisk grensesnitt. Ein terminalemulator er eit program som gjev terminal-funksjonalitet utan å vera bunde til ein bestemt maskin eller dei grensene som ein "ekte" terminal er bunden til. Du må altså ha ein terminal eller terminalemulator for å køyra eit tekstbasert program. Dersom terminalen ikkje vert beden om å køyra eit bestemt program, vil han normalt køyra skalet til brukaren.
Konsoll: Den fysiske dingsen eg brukar. Datamaskinen, eller kanskje rettare skjermen, tastefjøla og musa.