2001-11-06 10:41:03, "Jon Grepstad" GREPSTAD@sprakrad.no:
On 5 Nov 01, at 14:36, Karl Ove Hufthammer wrote:
t- eller d-endingar? Eks. øydelagt eller øydelagd, ukjent eller ukjend
Dette har med samsvarsbøying å gjere. Held ein seg til læreboknornmalen, må ein bruke full samsvarsbøying. Systemet er forklart i nynorske ordlister, t.d. Helleviks ordliste, som Samlaget gjev ut.
Uff, dette var komplisert ... Men eg trur eg forsto det meste. Det heiter altså 'ein øydelagd katalog' men 'eit øydelagt program'.
Førebels manuskriptet om full samsvarsbøying har eg lagt ut her:
Takk!
Men eg håpar det komplette kurset vil vera tilgjengelig i eit meir normalt format. Eg såg på kjelda, og det var ærlig talt noko av det verste eg har sett.
bilete eller bilde?
"Bilde" er sideform.
Sjølsvagt; det burde eg ha tenkt på.
Eg synest "klarte ikkje" er meir naturleg på norsk.
Då ser det ut til å vera semja om dette. Eg skal endra 'Kunne' til 'Klarte' i neste gjennomgang av dei forskjellige programma.