Den 24.05.2015 14:54, Yngve Spjeld Landro skreiv:
Kolbjørn Stuestøl kolbjoern@stuestoel.no skreiv Sun, 24 May 2015 12:13:23 +0200
Bør/må/skal "Dispatch frameework" omsetjast til norsk og i tilfelle med kva?
So lenge vi ikkje taler om eigennamn, er det vel berre å omsetja.
Eg *kan* nok oppfatta "dispatch network" som eit styringssystem/-program, men er usikker på om denne omsetjinga er meir villeiande enn opplysande.
Eg synest ikkje originaltermen heller er særleg opplysande i seg sjølv. Alt må tolkast i den samanhengen det står; norsk er ikkje annleis der. «Styringssystem» høyrtest ikkje dumt ut i mine øyre.
Takker for svar. Det er ikkje eigennamn.
Grunnen til at eg spør er at eg reknar med at det er nokså få som programmerer eigne makroar. Så spørsmålet burde kanskje omformast til "Er dispatch framework så innarbeidd i den eventuelle brukargruppa at det vil vere forvirrande å omsetje uttrykket?" Sidan eg først er inne her: kva bør ein "dispatch command" eventuelt heite på norsk? «Styringskommando» dekker så nokolunde det han gjer, men igjen: er dette i dette tilfellet unødvendig flisespikkeri? Kolbjørn
:-) YSLandro
i18n-no mailing list i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no