* Karl Ove Hufthammer (28.07.2008 21:03):
Mine føretrekte variantar står før skråstreken. Eg trur ikkje dei kan seiast å vera for konservative.
veta/vita
"vite" er mykje meir utbreidd enn "vete", "ikkje vite" gjev 7000 resultat på Google mot 397 for "ikkje vete".
vert/blir
Eg likar bli - blir - vart - vorte. Dette er rimeleg utbreidd og eit godt kompromiss.
resurs/ressurs
"Ressurs" er mykje meir utbreidd.
gje/gi derfor/difor bedt/bede
Det kjem til å kome ny rettskriving med tid og stunder. I eit tidlegare framlegg til ny rettskriving har det gått mot slik bøying som hovudform http://www.sprakrad.no/upload/KKD03ved.pdf:
be - ber - bad - bede
No er det uvisst kor mykje normalen blir stramma inn dersom skiljet mellom hovudformer og sideformer blir oppheva, men det er ikkje utenkjeleg at "bedd"/"bedt" går ut.
Ein annan ting som er *veldig* inkonsekvent i omsettingane, er endinga -er vs. -ar i verb (presens). For eksempel står det mange plassar «brukar» og mange plassar «bruker». Tilsvarande står det nokre plassar «spela» (preteritum) og nokre plassar «spelte».
Sjølv er eg ikkje heilt einig meg meg sjølv i kva eg føretrekker. Eg føretrekker for eksempel heilt klart verbet «brukar» men òg «spelte». Men me må velja éi av formene, og eg har til slutt falle ned på preferansen -er (i presens, slik at me altso får -te/-de i preteritum). Hovudgrunnen er det mykje brukte uttrykket
Klarte ikkje …
Det synest eg er mykje betre enn
Klara ikkje …
(som for meg ser ut som ein dialektskrivemåte av «Klarar ikkje» …)
Eg likar best såkalla blanda bøying:
bruke - brukar - brukte - brukt spele - spelar - spelte - spelt
Eg meiner å ha høyrt at slik bøying er rekna som sideform, men sidan alle einskildformer er hovudformer trur eg ein kan sleppe unna med det. Eg meiner òg at 2005-framlegget til ny normal utan sideformer godkjenner blanda bøying.
Erik