Karl Ove Hufthammer skreiv 26.05.2022 10:52:
Men akkurat i denne samanhengen er det ikkje diskbiletfila det er snakk, men sjølve eininga. Litt meir kontekst: Eg set om udisks2, som har litt under 500 ganske tekniske tekstar om diskar, stasjonar, lagringsområde, frittståande lagringsmedium (som CD-ROM), filsystem og liknande. Det er typisk meldingar ein får opp når ein prøver å montera/avmontera ein «disk» (i vid forstand) eller når ein ber om informasjon om ein disk.
Eg har no klart eit utkast av omsettinga. Kjekt om nokon (med litt kompetanse på diskar og sånt) kunne tatt ei kjapp gjennomlesing og gitt tilbakemelding på feil, misforståingar og anna som kan forbetrast: https://huftis.org/kritikk/omsetting-udisks2.html
Reknar med å senda inn omsettinga i løpet av morgondagen.