Sundag 11. januar 2009 skreiv Erik Haugan:
source bash_completion_ordbanken
Kult! Eg har lagt merke til at mange program har autofullføring, men visste ikkje at det var såpass enkelt å leggje til.
Nei, eg vart overraska sjølv.
For mitt føremål hadde det vore ein fordel om ein òg hadde sortert etter bøyingsparadigme, noko som kan gjerast slik (i skript/sorter):
sort --stable -t " " -k2,2 -k1,1n -k5,5
Gjort.
Dette er ikkje viktig for meg, eg ordnar det lokalt om det trengst, men det er i alle fall eit forslag. Tabulatoren kan uansett vere grei å bruke for å få rett sortering av oppføringar med mellomrom.
Ja, eg hadde rett og slett gløymt han (han *er* brukt i sorteringa i skriptet «ordbanken»).
Apropos, dette feilar:
$ ordbanken "varg i veum" awk: line 1: runaway string constant "varg ...
Det er «med vilje». For å slå opp uttrykk med fleire ord, skriv du berre det første ordet. Eg meiner det er meir nyttig, då ein gjerne kan ønskja å sjå kva uttrykk som står i ordlista (prøv for eksempel «ordbanken på» eller «ordbanken i»), men det er sjeldan ein er interessert i *bøyinga* til eit slikt uttrykk (som vanlegvis ikkje vert bøygt).