Eg har gjort nokre viktige endringar i ordbokskriptet.
For det første har eg flytta skriptet til mappa med dei andre ordbank-skripta, altso «i18n/ordbanken/skript». Eg har òg endra namnet til «ordbanken» (utan etternamnet «.sh»).
Alle som har alias til skriptet i .bashrc-filene (e.l.) sine må derfor oppdatera adressene der.
Meir interessant er det kanskje at eg har lagt til autofullføring av skriptargument via «bash completion». For å starta støtta for ordbankskriptet, er det berre å stå i skriptmappa og kjøra
source bash_completion_ordbanken
Tabulatortasten vil no autofullføra ordbankkommandoar, akkurat som med alle dei andre kommandoane «bash completion»-støttar frå før. Her er nokre eksempel:
$ ./ordbanken [tab] ./ordbanken --sprak
(Valet «--sprak» vert automatisk lagt til.)
$ ./ordbanken --sprak [tab] nb nn ./ordbanken --sprak n
(Liste med vala «nb» og «nn» vert vist, og bokstaven «n» vert lagt til.)
$ ./ordbanken -[tab] -e --fargekod --ikkje-fargekod -k --parentes --eksempel -h --ikkje-klammer --klammer -s -F --hjelp --ikkje-parentes -P --sprak -f --html -K -p --tekst
(Liste over alle moglege argument vert vist.)
$ ./ordbanken --sprak nn ym[tab] ym ymiskvar ymislig ymist ymse ymsen ymsing ymte ymis ymisleg ymisskap ymje ymsefinna ymsesidig ymt ymting
(Liste over alle nynorskord som startar med «ym» vert vist.)
Viss nokon har merknader eller forslag til forbetringar, er det berre å ropa ut her på lista. Eg vurderer for øvrig å korta ned lista over argument til berre dei «lange» argumenta. Synspunkt på dette?
Sundag 11 januar 2009 03:32:27 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Meir interessant er det kanskje at eg har lagt til autofullføring av skriptargument via «bash completion». For å starta støtta for ordbankskriptet, er det berre å stå i skriptmappa og kjøra
source bash_completion_ordbanken
Kult! Eg har lagt merke til at mange program har autofullføring, men visste ikkje at det var såpass enkelt å leggje til.
Viss nokon har merknader eller forslag til forbetringar, er det berre å ropa ut her på lista.
Eg har byrja å putle med nynorsk.org-normalen etter ein lengre pause. Eg fann ut at det var praktisk å bruke ordbanken frå i18n-no sidan han ligg i svn, og dessutan er gjort litt meir brukarvenleg med utf8 og sortering. For mitt føremål hadde det vore ein fordel om ein òg hadde sortert etter bøyingsparadigme, noko som kan gjerast slik (i skript/sorter):
sort --stable -t " " -k2,2 -k1,1n -k5,5
Argumentet til -t er ein tabulator, det kan gjerne skrivast eksplisitt slik:
sort --stable -t "`echo -e '\t'`" -k2,2 -k1,1n -k5,5
Dette er ikkje viktig for meg, eg ordnar det lokalt om det trengst, men det er i alle fall eit forslag. Tabulatoren kan uansett vere grei å bruke for å få rett sortering av oppføringar med mellomrom. Apropos, dette feilar:
$ ordbanken "varg i veum" awk: line 1: runaway string constant "varg ...
Erik
Sundag 11. januar 2009 skreiv Erik Haugan:
source bash_completion_ordbanken
Kult! Eg har lagt merke til at mange program har autofullføring, men visste ikkje at det var såpass enkelt å leggje til.
Nei, eg vart overraska sjølv.
For mitt føremål hadde det vore ein fordel om ein òg hadde sortert etter bøyingsparadigme, noko som kan gjerast slik (i skript/sorter):
sort --stable -t " " -k2,2 -k1,1n -k5,5
Gjort.
Dette er ikkje viktig for meg, eg ordnar det lokalt om det trengst, men det er i alle fall eit forslag. Tabulatoren kan uansett vere grei å bruke for å få rett sortering av oppføringar med mellomrom.
Ja, eg hadde rett og slett gløymt han (han *er* brukt i sorteringa i skriptet «ordbanken»).
Apropos, dette feilar:
$ ordbanken "varg i veum" awk: line 1: runaway string constant "varg ...
Det er «med vilje». For å slå opp uttrykk med fleire ord, skriv du berre det første ordet. Eg meiner det er meir nyttig, då ein gjerne kan ønskja å sjå kva uttrykk som står i ordlista (prøv for eksempel «ordbanken på» eller «ordbanken i»), men det er sjeldan ein er interessert i *bøyinga* til eit slikt uttrykk (som vanlegvis ikkje vert bøygt).
Sundag 11. januar 2009 skreiv Erik Haugan:
Eg har byrja å putle med nynorsk.org-normalen etter ein lengre pause.
I fall du ikkje har følgt med på lista: Du *er* klar over at fullformsordlistene har nokre alvorlige feil i oppføringane? Det er mange klammeformer som ikkje er merkte som klammeformer, og unormerte ord som er merkte som normerte.