On Sun, 2008-10-05 at 21:44 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
Sundag 05 oktober 2008 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
(er dette di eiga lokale tilpassing? "sundag" brukte å vere klammeform, eg vart litt overraska av å sjå i Nynorskordboka at denne forma no er jamstelt med "søndag".)
det er greit nok, men når ein har gode og klassiske nynorskord, så synest eg vi skal bruke dei når vi fyrst har lagt oss på den konservative lina med a-infinitiv.
Me har *ikkje* lagt oss på ei konservativ linje. Dette har vore diskutert før. Nynorsknormalen vår er verken spesielt konservativ eller spesielt radikal; han er ein mellomting.
du kan seie kva du vil, men a-infinitiv vert oppfatta som konservativ, og ei iblanding av bokmålsord som "forskjell" og "forslag" skjer i augene stilmessig.
trå/tre (i kraft)
"trå" er bokmål, som Erik seier.
Nei, Erik seier ikkje det, og det stemmer heller ikkje. Det ser ut til at me skal bruka «tre» på både bokmål og nynorsk, men eg synest godt ordbøkene kunne vera klarare på dette.
eg finn ikkje "trå" i denne tydinga i Nynorskordboka, kan du hjelpe meg?
Eg forstår ikkje. Me kom jo fram til at det var «tre» som var det rette, både på bokmål og nynorsk.
åja, no forstår eg kva du meinte. orsak.