Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org čálii:
KDE-programmet Dolphin har nyleg fått ein ny funksjon kalla «stash». Dette er kort sagt ei mellombels, virtuell mappe der ein kan putta filer og mapper for seinare flytting til ekte mapper. Det er litt som utklippstavlefunksjonen, berre for filer og mapper. Sjå https://community.kde.org/GSoC/2016/StatusReports/ArnavDhamija#A_Stash_KIO_S... for meir informasjon.
Forslag til kva me kan kalla dette på norsk?
Når me flyttar rundt på ting heime (eller i butikken) bruker me ofte ei «Korg». Legg filene i korga no, betal for IO-operasjonen når du tar dei ut.
Likte òg «puttekasse», sjølv om det kanskje krev litt meir av lesaren …