----- Original Message ----- From: Knut Yrvin knuty@skolelinux.no
Jeg fikk rettet beløpet til 1 105 000 i første runde. I tillegg gikk jeg gjennom forholdstall som f.eks. at 1/3 var oversatt til at det nå er 1/5 som er oversatt osv.
Bra.
Det er no eitt problem: summen. 1,1 mill er det dobbelte av det vi søkte om sist. Problemet er ikkje å forklare at timetalet er dobla, her lagar thomas og/eller børre eit fint brev. Det er sjølvsagt flaut å gjere feil ("kva hadde skjedd viss vi hadde fått "ja", jo vi hadde kome springande etter ein halvmillion til"), men ved å fortelje om det får vi saka ut av verda.
Verre er det at summen blir 1,1. Og her oppfordrar eg folk med betre pengepsykologisk bakgrunn å seie noko. Vil denne summen vere så stor at vi får "nei" frå starten av? Problemet med han er at sjølve timetalet (813 timer + 50 % sjekk) ssv. er det mest realistiske vi har så langt, men timeprisen på 750,- framleis er henta frå ei anna verd enn vår. Marknadspris, ja, så for den summen Får Vi Jobben Gjort, men med eit avskrekkande resultat.
Bør vi mekke på noko for å få summen under 1,0 mill, slik at talet dermed ser litt kortare ut?
a. ved å endre timebeløpet? b. ved å ta ut ein vilkårleg del av timane og seie at "desse er dugnad"?
Synspunkt?