Kjetil Torgrim Homme skreiv 14. juli 2018 13:03:
eg vil berre igjen nemne at Redpill Linpro kan stille med ein VM pro bono, og eg melder meg frivilleg til å ha det daglege driftsansvaret for ein Mailman-installasjon for i18n-prosjektet.
Takk for tilbodet! Det høyrest bra ut.
Eg reknar med at du har erfaring med Mailman-administrering? Kva versjon av Mailman vil vera aktuell?
"bussfaktoren" er slik at mine kollegaer vil ta tak i feilsituasjonar om eg er bortreist og offline (men ein kan ikkje forvente betre enn neste arbeidsdag som responstid).
Det høyrest (bokstavleg talt) uendeleg mykje betre ut enn slik me har det i dag. :)
om eg skulle finne på å slutte i Redpill Linpro (ingen planar om det!), kan eg ikkje garantere at nokon kollega stiller opp som ny ansvarleg.