On Wed, 2004-03-10 at 20:38, Karl Ove Hufthammer wrote:
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:200403101823.29205.gaute@verdsveven.com:
Eg er ikkje sikker på om me må vera konsekvente og bøya alle verb på same måten, eller om me kan skriva «klarer» og «brukar».
Ja, det kan me. Helleviks vesle gule (96-utgåva) seier litt om -ar og -er: [...]
det vert mest umogleg for oss alle å føre eit konsekvent språk viss vi skal måtte hugse om kvart enkelt verb skal bøyast som e- eller a-verb.
eg stemmer for konsekvent bruk av e-bøying :-), men innser at mi stemme er lite verdt viss ein skal vekte henne etter talet på omsette linjer.