Nokre verb har valfri «-ar»- eller «-er»-form i preteritum på nynorsk, for eksempel «klarar»/«klarer». Hadde vore greitt om me vart einige om éi form.
Sjølv trur eg eg har vore litt inkonsekvent her, men føretrekker iallfall «-ar»-endinga.
Sundag 7. mars 2004 13:33 skreiv Karl Ove Hufthammer:

Eg er nok noko inkonsekvent på dette eg også. Likar best «er»-endingar på ord som «klarer». Men sidan vi brukar a-infinitiv er det vel mest naturleg å bruka «ar»-endingar.
On Sun, 2004-03-07 at 23:53, Håvard Korsvoll wrote:
Sundag 7. mars 2004 13:33 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Nokre verb har valfri «-ar»- eller «-er»-form i preteritum på nynorsk, for eksempel «klarar»/«klarer». Hadde vore greitt om me vart einige om éi form.
Sjølv trur eg eg har vore litt inkonsekvent her, men føretrekker iallfall «-ar»-endinga.
Eg er nok noko inkonsekvent på dette eg også. Likar best «er»-endingar på ord som «klarer». Men sidan vi brukar a-infinitiv er det vel mest naturleg å bruka «ar»-endingar.
du meiner vel "presens"? :-)
ein skal vere klar over at presensforma bestemmer preteritumsforma.
v1 å klare klarer klarte har klart v2 å klare klarar klara har klara
vala mellom a/e-infinitiv og v1/v2-bøying er uavhengige.
eg stemmer for v1.
Måndag 8. mars 2004 06:08 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
ein skal vere klar over at presensforma bestemmer preteritumsforma.
v1 å klare klarer klarte har klart v2 å klare klarar klara har klara
... og dei av oss som har ei dialekt der me seier «klarar, klarte», kan berre ha det så godt ;) Eg har sjølv brukt mest -ar.
Eg er ikkje sikker på om me må vera konsekvente og bøya alle verb på same måten, eller om me kan skriva «klarer» og «brukar».
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:200403101823.29205.gaute@verdsveven.com:
Eg er ikkje sikker på om me må vera konsekvente og bøya alle verb på same måten, eller om me kan skriva «klarer» og «brukar».
Ja, det kan me. Helleviks vesle gule (96-utgåva) seier litt om -ar og -er:
Mange målføre har blanda bøying av slike verb, med -ar i presens og -te i preteritum, til dømes brukar -- brukte, og elevane har høve til å nytte slik bøying også i skrift.
Og Språkrådet si bok om godt språk i lærebøker svarar/-er på spørsmålet ditt:
Presens på -ar er fast knytt til preteritum på -a, og vi godtek ikkje blanda bøying av typen brukar -- har brukt. Vi rettar naturlegvis også vakling mellom a-bøying og e-bøying av det same verbet, men vi kan ikkje krevje at alle verb med valfri bøying skal gå anten som a-verb eller som everb.
On Wed, 2004-03-10 at 20:38, Karl Ove Hufthammer wrote:
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:200403101823.29205.gaute@verdsveven.com:
Eg er ikkje sikker på om me må vera konsekvente og bøya alle verb på same måten, eller om me kan skriva «klarer» og «brukar».
Ja, det kan me. Helleviks vesle gule (96-utgåva) seier litt om -ar og -er: [...]
det vert mest umogleg for oss alle å føre eit konsekvent språk viss vi skal måtte hugse om kvart enkelt verb skal bøyast som e- eller a-verb.
eg stemmer for konsekvent bruk av e-bøying :-), men innser at mi stemme er lite verdt viss ein skal vekte henne etter talet på omsette linjer.