Vegard via l10n-no skreiv 29.09.2026 13:49:
Kunne me tatt uttrykket "ta det på sparket" som kveikkjing? Dette uttrykket gjer det tydeleg at kampen ikkje er noko alvorstungt.
casual game -> på sparket
Her går me vekk frå biletet av spel, men samanhengen (i eit spel) gjer det likevel tydeleg at det er det det er snakk om.
Uttrykket kan nok brukast uformelt i nokre samanhengar, men eg trur ikkje det fungerer godt nok generelt. Det inneheld ikkje ordet «spel» (sjølv om ein nok kunne skrive «på-sparket-spel»), så det passar ikkje godt saman med andre sjangernamn. Og det får ein vel lett til å tenka på fotballspel og liknande, så det kan vera meir forvirrande enn opplysande.