Torsdag 17. januar 2013 21.06.36 skrev Karl Ove Hufthammer:
to. den 17. 01. 2013 klokka 20.47 (+0100) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
For å spare ein del tastetrykk, kunne eg gjerne ha omsett "if" med "viss" i staden for "dersom" på nynorsk, men det er vel å gå for langt?
Skal kommentera resten seinare ein gong, men vil berre no svara at eg synest det bør vera «VISS» på nynorsk. Eller «DERSOM» både på bokmål og nynorsk. Eg føretrekkjer det første. Ein bør iallfall vera konsekvent (men altså «HVIS», ikkje «VISS» på bokmål, sjølv om det òg er lov).
Ja til færre tastetrykk!