Laurdag 02 september 2006 15:48 skreiv Åsmund Skjæveland:
Ja, feilen kjem ikkje frå meg. Eg ville aldri gjort slike omsettingsfeil!
Send meg ei oppdatert PO-fil, så skal eg dytta henne inn i Rosetta.
Oppdatert PO-fil ligg i Skulelinux-SVN. Det er der alle dei nyaste KDE-omsettingane ligg (og skal ligga).
(Rett nok vil KDE-omsettinga frå Skulelinux aldri bli brukt, då Amarok no hentar omsettingar frå Trunk, og ikkje Stable, som me arbeidar med. Det ser ut til at me leva med halvferdig omsettingar.)
(Korleis oppdateringar vert handtert med dette hjernedaude omsettingssystemet deira veit eg ikkje. Er det slik at offisielle omsettingsoppdateringar ikkje vert brukt i Ubuntu?)
Offisielle omsetjingar av nye strengar vert brukt. Ubuntu sine omsetjingar overstyrer omsetjingar frå oppstraums. Ein artig konsekvens av dette er at når eg manuelt reparerer ei dårleg omsetjing så vert dei nye omsetjingane ståande i Ubuntu sjølv om eg seinare finn betre omsetjingar oppstraums.
Ja, eg har lest diskusjonene på I18N-lista til KDE. Dei fleste er visst einige med meg i at Ubuntu-løysinga er hjernedaud og veldig uheldig.