On Tue, 2007-08-28 at 23:30 +0200, KolbjXrn StuestXl wrote:
I GIMP ser det ut til at verktøykassa blir innført sidan dette ordet er brukt også av andre program, sjølv om eg nok ut frå mine førestillingar heller ville ha brukt verktøyskrin. Kva er eigentleg skilnaden? Eg har skrin som er større enn kasser, og kister som er mindre enn skrin. Det kan altså ikkje vere storleiken som bestemmer namnet. Har det noe med bruksmåten/-området eller utsjånaden å gjere? Er skilnadane geografisk bestemte, som Oddmund er inne på, yrkesbestemt eller ligg det andre årsakar bak?
tippar dette har med geografi eller dialekt å gjere. eg er sunnmøring og seier "verktyskrin" sjølv. for meg er ei verktykasse ei stor opa kasse som ikkje er så grei å flytte på. omtrent som toolbox og toolchest på engelsk, kanskje? i GIMP-samanheng er det ikkje så nøye kva for eit ord som er brukt, og sidan bokmålsbrukarane unisont ser ut til å føretrekkje "verktøykasse" er det sikkert like greit å bruke det på nynorsk òg.