tirsdag 28. juni 2005, 11:46, skrev Gaute Hvoslef Kvalnes:
On Mon, 27 Jun 2005 18:17:31 +0200, Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org
wrote:
Ein kjem dessverre ikkje utanom fagorda i denne samanhengen. Og då er spørsmålet om me skal bruka dei norske eller dei engelske fagorda. Og då synest eg valet er soleklart: Me bør bruka dei norske!
Spørsmålet er vel heller om det skal brukast fagord (då er eg einig i at «antikva» og «grotesk» er best norsk) eller meir forståelege, skildrande namn. Som alltid kjem det an på målgruppe og bruksområde.
Om ein først skal skriva om, er eg ikkje heilt overtydd om at «utan seriffar», «serifflaus» eller liknande formuleringar med «seriff» er heilt optimalt. Då har ein berre brukt andre framandord.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
Mjo, men hva vil du bruke hvis du ikke vil bruke fremmedord, da?
-Axel