Bare for å skyte inn: Ordet «stakk» har blitt brukt som norsk ord for «stack» i forelesning og undervisning jeg har hatt på Dataingeniør ved NTNU.
Vh John
- feb. 2025 kl. 17:04 skrev Thomas Nygreen nygreen@gmail.com:
Ja, VSTAKK fungerer ikkje på norsk. Det er ikkje snakk om klesplagget skjørt (som er det «stakk» på norsk tyder); det er snakk om stabling (som er det «stack» på engelsk tyder).
«stack» på engelsk har same opphav som «stakk» i tydinga «såte» har på norsk. Og «høystakk» heiter nettopp «haystack» på engelsk. Når ein legg ting som ikkje flyt utover (som bøker) oppå kvarandre, seier dei framleis «stack» på engelsk, men eg har aldri sett «stakk» brukt om det på norsk.
Elles er eg van med å bruka stakk for stack i digital-logikk mellom anna, sjølv om det er «feil» norsk. Dei ordlistene eg har sett i, har berre klesplagg (kjole) og høystakk som tyding.
NAOB oppgir datastrukturen «stakk». Bokmåls-Wikipedia har «stakk» som oppslagsord og «stabel» som alternativ. Ingen av oppslagsorda i Bokmålsordboka og Nynorskordboka nemner datastrukturen. Men i desse reknearkfunksjonane refererer uansett ikkje «stack» til ein type datastruktur.
Så STABLA.LODDRETT er ei fin omseting (merk a-infinitiv).
Det var ikkje meininga å prøve å dytte på dokker kløyvd infinitiv ;)
-Thomas _______________________________________________ E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org