Alexander Nicolaysen Sørnes:
Har Alexander Nicolaysen Sørnes søkt om konto? Viss ikkje, er eg òg interessert i å hjelpa til med innmelding og uthenting av omsettingane til/frå KDE. (Men KDE føretrekker at det berre er éin person ansvarlig for dette.)
Jeg har søkt, og fått tildelt! :)
Kan eg få komma med forslag til endring av organseringa av omsettingsfilene i Skulelinux, då? No er det slik at nokre .po-filer vert henta frå «stable» og nokre frå «trunk», avhengig av kor «neste versjon» av dei aktuelle programma vert utvikla.
Det fungerer etter mi meining ikkje so bra, sidan
1 Nokre prosjekt vekslar fram og tilbake mellom dei to (som Amarok), og det gjer det tungvint å halda skriptet som prøver å handtera dette oppdatert. 2 Nokre program vert *simultant* utvikla i ei «stable» og ei «trunk»- utgåva, noko som er umulig å handtera med den gjeldande situasjonen.
Mitt forslag er at me både har «stable» og «trunk» i Skulelinux-SVN, i tillegg den spesielle Debian-versjonen (viss denne fungerer). Når omsettinga av KDE 4 vert sett i gang, bør me i tillegg få ei mappa for dette.
Altso bruk «svn copy» (for å behalda revisjonshistorien, og ikkje bruk for mykje plass) (i Skulelinux-SVN) til å kopiera kde til
kde3-stable og kde3-trunk
Send so inn desse filene til respektive mapper i KDE-SVN (hugs å bruka «svn add» for nye filer), la det gå ein dag eller so, slik at Scripty får oppdatert dei. Kopier so dei oppdaterte filene over til Skulelinux-SVN igjen. Hugs igjen «svn add» for nye filer. No vil kde3-stable og kde3-trunk sjå veldig forskjellig ut.
Om ein månad eller to, når me er klar for KDE 4, kan du oppretta ei «kde4»-mappe. Det kjem sikkert meir informasjon frå KDE om korleis dette best bør gjerast frå KDE si sida. Då får me for eksempel fire mapper:
kde3-stable kde3-trunk kde3.5.5 (for DebianEdu) kde4
Elles er nokre ting å tenka på for skriptet som skal synkronisera SVN i Skulelinux med KDE her:
1 Viss filer vert fjerna frå KDE bør dei automatisk fjernast frå Skulelinux (og omvendt). 2 Andre filer enn omsettingsfiler (i «data») bør òg handterast. Det vert dei so vidt eg har sett ikkje no. 3 Me bør til ei kvar tid ha oppdaterte omsettingsfiler hos både Skulelinux (ingen vits i å arbeida med tekstar som er utdaterte, og ikkje få med oss nye tekstar) og KDE (slik at omsettingane faktisk vert brukte). Dette bør helst skje kvar dag, og iallfall éin gong i veka, synest eg. Lag eit skript som brukar «msgmerge -U» med oppdaterte malfiler i staden for å avhenga av Scripty. Alt dette bør kunna automatisert fullstendig.