Tysdag 04. november 2008 skreiv Lars Ivar Igesund:
Det har vore skrive tonnevis om dokument og e-postar om dette, heilt sidan Rosetta/Launchpad vart starta, men sjølv no, etter *so* mange år, er situasjoen minst like ille som i starten. Verre, kan det verkaDette har fått meg (og dei fleste andre KDE-omsettarar, kan det sjå ut som) til å mista heilt trua på Launchpad, og på folka bak prosjektet.
Eg ønskjer iallfall ikkje å kasta vekk meir tid på det.
Det er såvidt eg veit ein grunn til at problematikken har vore ignorert, og det er at Ubuntu i hovudsak er eit Gnome-prosjekt, og dei opplever visstnok ikkje dei same problema.
Er det ikkje nokre omsettingsgrupper som brukar Launchpad som «upstream» for GNOME?
Men i utgangspunktet er dette eit problem som gjeld alle programma i Ubuntu; det er kanskje berre meir synlig for store prosjekt som KDE.
På KDE-lista var det for eksempel nylig ein omsettar som klaga over den dårlige omsettinga i Stellarium (og avslutta med «LP2 [Launchpad 2] over my dead body» [stavefeil retta]).
Eg er sikker på at det finst mange ikkje-KDE program som òg har elendige norske omsettingar i Ubuntu/Kubuntu. Men heldigvis ser ikkje eg dei, då eg har valt ein annan distro. :)
No har du derimot ei moglegheit til å verte høyrd (det vart ytra eit ynskje om å få ein "statement" frå alle omsetjingslaga).
Eg trur rett og slett ikkje på at noko vil verta gjort. Nokre KDE-folk skreiv for fleire år sidan dette dokumentet:
http://wiki.kde.org/tiki-index.php?page=KDERosettaCollaboration
Ingenting er gjort. Andre har òg skildra problemet nøye: http://charismacode.blogspot.com/2007/01/powers-and-repositories-ubuntu- and.html
Ingenting er gjort.
Launchpad-folka har ikkje eingong lagt til grunnleggande funksjonalitet som er nødvendig for omsettarar. Tidligare i år skreiv for eksempel Åsmund Skjæveland:
Eg har prøvd å retta feil i Ubuntu-omsetjingar eit par gongar, og no har eg gitt opp. Launchpad har ingen søkefunksjon der du kan søka etter ein msgid eller msgstr å retta, og inntil dette kjem på plass kjem eg til å rekna Launchpad for eit ubrukeleg verktøy.
Dette er bug *44* i launchpad, opna i februar 2005, og framleis ikkje løyst:
https://bugs.launchpad.net/rosetta/+bug/44
Eg har absolutt inga tiltru til Launchpad-folka. At Launchpad i tillegg er ikkje-fri, lukka programvare, utan tilgang til kjeldekoden, gjer ikkje ting noko betre.
Den einaste brukbare løysinga er etter mitt syn faktisk å legga ned heile Launchpad, og berre bruka det for Ubuntu-spesifikke verktøy.
(Det finst nokre prosjekt som brukar Launchpad som «oppstraums». Eg har bidratt med omsettingar til desse, og det var kort sagt eit lite helvete, som eg ikkje unnar nokon.)