Kjetil Torgrim Homme skreiv 30.03.2023 13:00:
Originalteksten lyder; KMyMoney Hash
Det er forøvrig eneste referansen i .po-filen og strengen hører til en funksjon der en kan koble KMyMoney til nettbank. Jeg står ved beskrivelsen siden nettsteder bør lagre passord i hash i stedet for i klartekst og hash blir til et sammensurium av tegn.
(eg fekk direktesvar, kopierer inn til lista.)
høyrest ut som noko slikt som "tilgangsnøkkel" er meir passande her, men ein må nesten lese kjeldekoda eller spørje ein utviklar for ytterlegare kontekst.
Eg har sjekka. Så vidt eg kan sjå, er det slik:
Når ein lastar ned transaksjonsdata frå nettbanken, får/har kvar transaksjon vanlegvis ein transaksjons-ID som unikt identifiserer transaksjonen. Dette gjer at ein kan lasta ned (delvis same) transaksjonsdata fleire gongar og automatisk filtrera ut duplikat. Men nokre nettbankar opplyser ikkje om transaksjons-ID-en (eller brukar ny ID for same transaksjon ved gjentekne nedlastingar/eksporteringar). Derfor kan ein i KMyMoney velja å heller bruka ein ID som KMyMoney lagar basert på *resten* av informasjonen i transaksjonen. Måten KMyMoney gjer dette på, er ved å rekna ut ein «hashverdi» (via ein veldig enkel/primitiv algoritme, ikkje SHA-1 eller noko anna fancy).
Sidan det tekniske ikkje er vesentleg her, ville eg rett og slett omsett «KMyMoney Hash» til «KMyMoney-ID». Det er altså KMyMoneys sjølvutrekna ID.
I andre samanhengar er andre omsettingar betre. Snakkar me om «hashar» som SHA1 eller MD5 brukt til å sjekka integriteten til ei fil, fungerer «sjekksum» fint (her brukar ein òg ofte «checksum» på engelsk).
For uttrykk som «MD5 hash», kan ein enkelt og greitt skriva «MD5-verdi» på norsk. Ein kan òg skriva «MD5-kode», men -verdi er jo mindre kryptisk.
For «hash table» er «nøkkeltabell» godt etablert.
For «hashtag», altså #, er «emneknagg» vanleg på norsk.
Teiknet #, som gjerne vert kalla «hash sign», kan me kalla «firkantteikn». Litt humoristisk vert det òg kalla «skigard»/«skigardteiknet» (spesielt på nynorsk?). Viss teiknet er forkorting for eit tal/nummer, fungerer «nummerteikn». For tasten på telefonar er «firkanttast» eller berre «firkant» mykje brukt.
I svært tekniske samanhengar er det vel greiast å berre bruka «hash» uomsett. Det kan for eksempel vera når ein snakkar om «hash-algoritmar».