Kjetil Torgrim Homme skreiv 01.07.2026 10:49:
< debugger feilsøkingsprogram
debugger feilsøker
her vil eg behalde -program. ein feilsøker ville vere rett omsetjing om det er yrkestittelen det er snakk om, tenkjer eg.
Samtidig er «feilsøker» heilt klart den vanlege *brukte* omsetjinga av ordet i omsetjingane våre, både på bokmål og nynorsk:
https://huftis.org/kritikk/omsetjingsdb/nb/ https://huftis.org/kritikk/omsetjingsdb/nn/
På bokmål finn eg berre eitt tilfelle av «feilsøkingsprogram» og ørten (eg gadd ikkje telja) for «feilsøker». På nynorsk var det nokre få «feilsøkingsprogram», men éi av dei var omsetjing av «debugger application» og ei anna av «debugger process». Det vanlege er «feilsøkjar» eller «feilsøking». Og det er jo alltid ein fordel at omsetjingane er korte og enkle.
Men eg kan legga til «feilsøkingsprogram» i parentes. Det er jo nokre tilfelle der det kan vera det beste ordet. Men eg synest me bør standardisera på «feilsøker» som førstealternativ. Forslag:
debugger → feilsøker, (feilsøkingsprogram), (~~avluser~~)
Eg la til «avluser» sidan «avluse» har blitt brukt nokre få gongar. Det var vel eit forslag til avløysarord i si tid, men har aldri slått til.
< deiconify gjenopprett
hoho, blast from the past! (iconify/deiconify var terminologi i tidlege vindussjefar for minimering av vindauge.)
Ja. Og sidan det (så godt som) ikkje er brukt på engelsk lenger, tenker eg det kan gå ut.
< delete slette, fjerne, slettetast
delete slette, fjerne, [Delete = Rettetast]
her er eg ikkje einig, "rettetast" må vere backspace, ikkje Delete. "slettetast" er bra namn på Delete.
Ja, her surra eg. Eg tar det vekk (/slettar/ det …).
Når det gjeld referering til tastar som /har/ skriftleg namn på tastaturet, slik som «Delete» (av og til skrive «Del»), har me elles standardisert på å bruka dei engelske namna, jf. https://l10n.no/retningslinjer.html#tastar
Så «Delete» heiter «Delete» på norsk òg. Men «slettetast» er ikkje noko dårleg ord, og i lengre forklaringar/hjelpetekstar kan me sjølvsagt skriva for eksempel «Bruk slettetasten ‘Delete’ til …».
634c620
< digitizer 1. analog til digital omvandler
digitizer 1. analog-til-digital-omvandler
dette er vel litt misvisande? eg tenkjer på Wacom teiknebrett og slikt når eg ser "digitizer". i gamle dagar brukte ein også dette om ein video-opptakar som gjorde analog video om til digitale filer. (trur forresten at "1." må vere ein artifakt av feil HTML-listetype ein gong i tida.)
Det er to separate oppføringar, «analog-til-digital-omvandler» (1) og «datapenn (museerstatning)» (2).
I dei faktiske omsetjingane våre finn eg berre «digitizer pen», som er omsett til «digital penn» på bokmål og «digitaliseringspenn» på nynorsk, pluss «Engauge Digitizer», som er omsett til «Engauge-digitalisering» (bokmål).
Den andre varianten, «datapenn (museerstatning)», er litt rar. Viss det er ein penn brukt som museerstatning, er det vel ikkje snakk om ein «digitizer», men heller det som vert kalla «pen mouse» på engelsk?
Kan me endra til berre
digitizer → digitaliseringspenn
?
No /kan/ vel digitizer vera alt mogleg som ein gjer ei eller anna form for digitalisering med (maskinvare, programvare, person). Men då får ein heller sjå ut frå samanhengen om det er eit anna ord passar betre.
647,651c632,634 < discretionary access skjønnsmessig adgangskontroll
hrm. vi vil ikkje behalde dette med "finmaska tilgangskontroll" elns då?
Omsetjinga di er god, men eg fann *ingen* (omsetbare) dataprogram som faktisk brukar ordet. Viss du finn eitt, kan me la det stå. :)
< DTP DTP (se«også»desktop publishing)
DTP DTP (se også desktop publishing)
føler at dette også kan droppast frå lista i 2026.
Nja, uttrykket «desktop publishing» (og forkortinga) vert brukt òg no i 2026. Sjå for eksempel Scribus: https://www.scribus.net/
Og på norsk er forresten DTP òg ei skikkeleg forkorting for «datatrykkeprogram». :)