tir. 10. okt. 2023 kl. 12:17 skrev Kjetil Torgrim Homme <kjetilho@ifi.uio.no
:
la. den 09. 07. 2022 klokka 11.49 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer:
Gjort, og Reinholdtsen har ordna tilgang til meg igjen. Så no kan eg henta ut SVN-depotet. Har ingen umiddelbare planar om å gjera så mykje med det, men om me ein gong vil flytta fellesordlista, dei språklege retningslinjene osv. til eit meir moderne versjonskontrollsystem, som Git, for eksempel på GitLab, er det iallfall mogleg utan å mista historikken. Og der kan me gjerne ha skikkelege/oppdaterte nettsider om omsettingsprosjekta.
Kan jo òg vurdera å gjera ordlista om til eit maskinlesbart format med meir moderne presentasjon. Eg synest for eksempel https://matematikkradet.no/ordliste/ fungerer ganske bra.
var det nokon som gjorde meir her? eg prøvde å finne Fellesordlista på nett no, og vart litt skuffa over at den er borte. synest Karl Ove har eit godt framlegg, om å lage eit prosjekt på GitLab.com. både "i18n-no" og "l10n-no" er ledige som gruppenamn på toppnivå.
Ordlista ligger vel fortsatt på nett: https://i18n.skolelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html
Men det hadde vært supert å flytte den til GitLab. Nå. Fikser du alene, Karl Ove, eller vil du ha hjelp med noen?
Hans