Karl Ove Hufthammer lister@huftis.org writes:
Knut Yrvin knuty@objectware.no wrote:
*(Relative) Distinguished Name
(relativt) unike navn
Ja, det er det eg har brukt. Men er det nokon som veit kva det *betyr*. 'Distinguished Name' antar eg er eit unikt namn som identifiserer ein 'entitet'. Men kor kjem det relative inn i bildet?
X.509 brukar mykje same terminologi som X.500 (og LDAP), og i X.500 er ein DN det unike namnet på eit objekt, t.d.
cn=Kjetil Torgrim Homme,o=Linpro AS,l=Oslo,c=NO
RDN er her "cn=Kjetil Torgrim Homme", og må vere unik innanfor den greina objektet ligg i. ein DN (merkeleg, eg får meg ikkje til å seie "eit DN") er altså sett saman av RDN-ar.
i samband med HTTPS er cn (Common Name) namnet på vevtenaren, www.foo.no.
Kjetil T.