Takkar for innspela. Kjende ikkje til KTurtle, Kjetil Kilhavn, men skal sjå om eg kan finna det.
Har lagt ut komplett liste over kommandonamn og meldingar på http://www.stuestoel.no/temp/LibreLogo-namn.php med nåverande namn (engelsk, bokmål og nynorsk) og forslag til endringar. Trur eg har fått med det meste, men kan sjølvsagt ha oversett noe.
Noen kommentarar:
Den 10.01.2014 00:00, skreiv Axel Bojer:
Den 09. jan. 2014 17:29, skrev Kolbjørn Stuestøl:
Noen som veit/hugsar kva kommandoord som er brukte på norsk (nb, nn) i programmeringsspråket Logo? LibreOffice inneheld ei enkel utgåve av Logo kalla LibreLogo. Dei fleste kommandoane er omsette, men ikkje alle.
Kan du ikke teste bokmålsversjonen og se?
Ved omsetjing har eg alltid oppe bokmål (og i tillegg også dansk, svensk og tysk) for å samordna kommandoane mest mogleg, men både programfilene og hjelpfilene er litt mangelfulle også på bokmål. Omsetjinga må ha gått litt fort føre seg (maskinelt?), for ho inneheld ein del lesefeil. T.d. er "while" omsett med "Hvit". (Eg har ikkje skrivetilgang til bokmålsfilene, så noen andre må retta feila der). Sjå nettsida eg viser til ovanfor.
I den norske omsetjinga (nn) held eg på å legga inn både engelske og norske kommandonamn, men får ikkje sjå om det verkar før ved neste oppdatering. I tilfelle kan brukarane velja det eine eller det andre, eller ei blanding.
Det er ikkje meininga å byrja ein diskusjon om programmering bør lærast med engelske eller norske kommandonamn, bare kva kommandoane bør heite på norsk.
Ja takk begge deler, så kan man velge :-)
Noen kommandoar som ikkje er omsette (Kvar linje er same kommandoen, men med ulike namn). PENJOINT / LINEJOINT (Samankoplinga av linjer. Moglege val: "rounded" ("avrunda"), "miter" ("skarp"), "bevel" ("skråkant") og "none" ("ingen"). (Gjeldande norsk omsetjing i parentes).
Ingen innvendinger til dine forslag her :-)
Ikkje meg som skal ha æra for omsetjingane. Er omsette frå før. Kva med PENJOINT/LINEJOINT? Tysk: STIFTÜBERGANG LINJEKOPLING?
FONTCOLOR / TEXTCOLOR / TEXTCLOUR
Skriftfarge, tekstfarge (TEXTCLOUR??)
Sorry. Skrivefeil frå mi side.( LibreLogo har forresten både engelsk US og UK i originalen).
FONTSIZE / TEXTSIZE / TEXTHEIGHT
Skriftstørrelse, tekststørrelse, skrifthøyde
UPRIGHT / NORMAL
Normal (tror ikke noe tilsvarende upright er i bruk på norsk om vanlig, ikke kursiv, tekst)
Fint. Då bruker eg bare NORMAL.
CLEARSCREEN /cs
Tøm skjermen
HIDETURTLE /ht / HIDEME (vis skjelpadda) SHOWTURTLE /st / SHOWME (gøym skjelpadda)
Kva med dei to ovanfor? Samansettingar med skjelpadde blir for lange etter mitt syn. Kva med GØYMMEG / SKJULMEG?
POSITION / POS / SETPOS
Plassering
HEADING / SETHEADING / SETH (Set retninga skjelpadda skal peike mot)
Retning, velg retning.
Ja, det er jo det kommandoen blir brukt til. Snu skjelpadda mot eitt eller anna punkt. Kanskje nok bare med RETNING?
PICTURE / PIC
Bilde
REPCOUNT (Teljar i for- og whileløkker)
Teller
INT (for integer, heiltal)
Heltall, ja :-)
SQRT (for square root, kvadratrot)
Jepp!
Eg har brukt KVROT i andre samanhengar ser eg i oppslagslista mi. Reknar det litt enklare i bruk enn KVADRATROT.
TUPLE (konvertering til Python tuple (ei form for liste som ikkje kan forandrast))
Fastliste? Nummererert liste? Jfr: http://en.wikipedia.org/wiki/Tuple
Hadde i utgangspunktet tenkt å bruke TUPLE ut frå tankegangen at det i dette tilfellet viser til programmering i Python. Fann i ei diskusjonsliste (hugsar ikkje kva for ei) forslaget «tuppel» (føreslått av deg, Axel). Har det slått gjennom? Kan eventuelt legge inn TUPPEL | TUPLE.
SUB (for substitute, byte ut)
eller erstatte på bokmål :-)
Ja
FINDALL
Finn alle (ev finnAlle eller finn_alle om mellomrom ikke er ok i kommandoer)
Mellomrom OK. Kommandoane skil ikkje mellom små og store bokstavar, FINNALLE, FinnAlle o.l. går fint, men også FINN ALLE. Bokmål har FINNALT.
MAX
Høyeste/maksimalt/maks
IN / " (for inch, tomme)
Bokmål: TOMMER / "
GRAY / GREY (fargen grå)
Jepp!
Sjølv om omsetjinga av noen av kommandoane ser innlysande ut, kjem eg ikkje med forslag i denne omgangen.
Jeg fant noen :-)
"Forslaga" mine var eigentleg ei forklaring på kva funksjonen gjer, men ikkje så dumt at kommandoen er beskrivande.
*Logo*: Programmeringa i Logo gjekk i utgangspunktet ut på å flytte ei «skjelpadde» rundt på golvet eller skjermen med ulike kommandoar. Difor er språket også kalla skjelpaddegrafikk ("turtle graphics"). Det er seinare utvida med andre funksjonar, men er framleis svært enkelt. Blei utvikla for å brukast i den første innføringa i programmering.
Kolbjørn Stuestøl
... og skilpadder er jo som vi vet raskere enn harer :-)
;-)
Ser at eg gløymde PENCAP. Bestemmer forma på linjeavslutninga. Rund, firkanta eller ingen. LINJESLUTT, LINJEENDE, PENNESPISS, PENNESPLITT (for den som hugsar slike) eller noe heilt anna?
Eg veit ikkje kor utbreidd programmering i Logo er nå. Det var ein del brukt i grunnskolen til på slutten av 1980-åra. Då ofte med ei mekanisk skjelpadde som køyrde rundt på golvet. Sjølv har eg ikkje brukt dette språket sidan Commodore 64 sine glansdagar, og hugsar faktisk ikkje kva språk vi programmerte i. Trur det var norsk. Helsing Kolbjørn
Mvh Axel
i18n-no mailing list i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no